Velkommen
I/S Fjordvegen Rv 13 er eit interesseselskap for den viktige indre samferdselsåra på Vestlandet som går gjennom 3 fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei norske fjordane er kåra til det beste reisemålet i heile verda. Kva kan då vera betre grunnlagsinvestering enn stamvegstandard på turistvegen Fjordvegen – Rv 13?
Store prosjekt under arbeid på Rv13
Store prosjekt er no godt i gang på Rv13.
- Hardangerbrua
- Bu – Brimnes – rassikring.
- Vossapakko
- Osberget – rassikring.
Samferdselsministeren i Balestrand
På Rv13 frå Sandnes til Sunnfjord ligg fleire store prosjekt inne i handlingsprogrammet for 2010-2013 sa samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa på ein vellukka vegkonferansen i Balestrand nyleg. Ny brosjyre for Rv13 - Fjordvegen
Fjordvegen er samferdsleåra som går frå Jæren gjennom Ryfylke, Hardanger, Sogn og Fjordane til Sunnfjord. IS Fjordvegen har som føremål å styrkja denne viktige vegstrekninga, til beste for kommunane, næringslivet og den enkelte innbyggjar.
sjå heile brosjyra her




