Nasjonale turistvegar - i Norges vakre natur

Rv 13 ligg i vakker og vekslande natur gjennom Ryfylke, Hardanger, over Vikafjellet og Gaularfjellet. Dette har ført til at heile tre strekningar frå 2012 får turistvegstatus. 

Nasjonale turistvegar byr på reiser langs fjell og fjord, følger kyst og hav, mellom fosser og stryk. Statens vegvesen, Turistvegprosjektet utviklar på oppdrag av Samferdselsdepartementet og stortinget 18 Nasjonale turistvegar innan 2015. 18 turistattraksjonar i storslått natur som skal vekke internasjonal interesse for å få deg som vegfarande til å bruke vakre Norge som ditt feriemål. Dei Nasjonale turistvegane skal være strekningar der det gode samspelet mellom vegen og det landskapet gir ei rik oppleving og ein variert kjøretur. Strekningane skal både saman og kvar for seg være et reiselivsprodukt med høg internasjonal kvalitet.

Du kan lesa meir om Turistvegprosjektet og følgja med på utviklinga på www.turistvegprosjektet.com

Du kan lese meir om de Nasjonale og de framtidige turistvegane på www.turistveg.no.

Vedlegg

Nasjonale turistvegar
Brosjyre - Diktarvegen